Best Western Sandviken Brygge Hotel
Facebook Twitter Google Plus Youtube

Din mening er veldig viktig for oss

Undersøkelsen tar 5-7 minutter

Best Western Rewards-medlemmer får 250 poeng som takk for hjelpen


Bestill rum

Rom 1

OK
Min bestilling

BEST WESTERN Sandviken Brygge Hotel 

Bu rimeleg og godt ved innseglinga til Bergen! BEST WESTERN Sandviken Brygge Hotel ligg i eit av Bergens mest fasjonable boligstrok, like ved bryggekanten i sjarmerande Sandviken. Hotellet ligg ein  20-minutters spasertur frå sentrum i Bergen, dryge 2 kilometer unna attraksjonar, restaurantar og shopping. Hotellet drivast av BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen som ligg i Bergen sentrum. Inn i hotellfamilien har vi og fått Ole Bull Hotel & Apartement som tilbyr 60 leiligheiter midt i Bergen sentrum. Ideologien til Hordaheimen sidan starten i 1918 har vore å skape eit overnattingstilbod for folk flest, våre tilsette sørger for at du vil trivast og at du gjerne ynskjer å kome attende til eit av våre hotell. Sandviken Brygge Hotel har 24parkeringsplassar som kan bestillast på førehand, og har

SATS og dagligvarebutikk som nærmaste nabo.

 

Nærmeste busstopp er Ludebryggen.

Sommarbyen-Bergen

Anten du skal til Bergen i samband med jobb eller tek ein privattur til Vestlandets hovudstad, så har vi gode tilbod til deg.  I juli har vi særs gode sommarprisar:

- Enkeltrom : 895,-

- Dobbeltrom: 1095,-

- Familierom: 1295,-

- Prisane gjeld på eit begrensa antal rom og kan kun bestillast direkte på info@sbhotel.no eller på telefon: 55396100.

Din heim i Bergen?

Ofte i Bergen? 

Om du treng ein fast overnattingsplass i Bergen, og ynskjer å bu i rolege omgjevnadar med gode parkeringsmoglegheiter og personleg service.

Då er BEST WESTERN Sandviken Brygge Hotel staden for deg! Vi tek godt vare på våre faste gjestar  og i pressa periodar. Ta kontakt med oss for ein god firmaavtale på annrita@hordaheimen.no.

Sandviken bydel

På BEST WESTERN Sandviken Brygge Hotel bur du sentrumsnærmt, men likevel i rolege og fredeleg omgjevnadar. Flotte turmoglegheiter for deg som likar å vere aktiv medan du er på jobb eller ferie. Stoltzekleiven er ein kort spasertur unna, og etter 901 trappetrinn er du brått på Sandviksfjellet med fantastisk utsikt over by, fjell og fjord.

Elles er byen i omlag 20 minutters gange unna hotellet vårt.

Vakn opp til sjøbris og fuglekvitter!

Severdigheter og opplevelser

Gamle Bergen

På 1800-talet var Bergen Europas største treby, og eit særprega bymiljø med tett trehusbebygging og travle gater, torg og smau. Det er få byar som har opplevd så mange storbrannar som Bergen har måtte tåle. Men Bergen har satt si ære i å ta vare på historia si. Gamle Bergen er ein rekonstruert by med omlag 50 trehus fra 17-, 18- og 1900-talet.

Sandviksfjellet

I området mellom Munkebotsvannet (også kalt Meyervannet) og Sandvikshytten går ein gamalsti som nyttast av turgåarar, denne stien fører oss rett til nokre av Byfjella.Sandviksfjellet (417 moh.) er eit av dei sju fjell som omkransar Bergen. Stien opp til toppen kalles Stoltzekleiven, og kan sette sjølv dei tøffaste på ein prøve...

Stoltzekleiven

Stoltzekleiven er ein bratt steinlagt tursti og trapp med 908 trappetrinn opp mot Sandviksfjellet.Stoltzekleiven tek av frå Fjellveiens nordlege del i Sandviken. Stoltzekleiven er etter ei rekke uhell blitt «enveiskjørt» det vil seie at ein går ned att frå toppen via Munkebotn eller Skredderdalen.

Sandviken

Strøket Sandviken begrensast mot Ytre Sandvikens grense i nord, gjennom Fjellveien til det gamle grensegjerdet ved Christinegård, så ned att til sjøen ved Småmøllen (Slaktehustomten). Sandviken er i gangavstand frå eit pulserande sentrum av Bergen, men strøket er likevel prega av ei ro med sjøen og fjella som omkranser bydelen.

Each Best Western® branded hotel is independently owned and operated. © 2002-2016 Best Western International, Inc. All rights reserved.
Vi bruker cookies for å gi deg en bedre brukeropplevelse